Norske jødar– Historia vår. Del 2 – Holocaust og gjenoppliving

Denne artikkelen finnes også på bokmål

Her kan ein lese del 1

Dei vanskelege 1930-årå

Parallelt med at det vesle, jødiske samfunnet blomstrar, ulmar antisemittiske haldningar både i Noreg og resten av Europa. Oppslutnaden til nasjonalsosialistane (nazistane) auka i Tyskland i 1930-åra, og i januar 1933 vart leiaren deira Adolf Hitler utnemnt til rikskanslar i Tyskland. Dei innførte antisemittiske lover, m.a. den 1. april 1933 utførte det nazistiske regimet i Tyskland ein boikottaksjon mot butikkar eigd av jødar. Norske aviser omtalte dette, og frå ein leiarkronikk i Aftenposten skreiv redaktøren at tyskarane har gode grunnar for å behandle jødane så hardt[5].

Noreg tok i mot politiske flyktningar, men jødar vart ikkje anerkjente som politiske flyktningar. Nansenhjelpen engasjerte seg sterkt på vegne av jødiske barn, og hjelpte m.a. grupper med barn frå Wien og Tsjekkoslovakia.

Andre Verdskrig

Det mørkaste kapittelet i historia til norske jødar var under andre verdskrig.  Niande april 1940 invaderte dei tyske troppane Noreg og okkupasjonsmyndane utførte ein systematisk kampanje mot norske jødar. Aviser og media var fulle av antisemittisk propaganda og karikaturar av jødar. I løpet av dei første to åra måtte alle jødar levere inn radioapparata sine til myndane, jødar og eigendelane deira vart registrert, og legitimasjonskorta deira vart merka med ein raud J.

1942 er det tyngste året i norsk-jødisk historie: Nesten helvta av jødane – menn og kvinner, barn (inkludert flyktningbarna) og vaksne, vart deporterte og drepne i dei tyske konsentrasjonslægera. Dei fleste vart henta av norsk politi og norske drosjesjåførar i oktober og november 1942, sendt til Stettin på båten Donau, og så braka vidare til konsentrasjonlægeret Auschwitz.  Av dei 773 jødane som vart deporterte overlevde berre 35[6], mellom dei berre fem frå forsamlinga i Trondheim. Den andre helvta kom seg over til Sverige med hjelp fra heimefronten, og måtte ofte liggje lenge i dekning.

Fleire av dei som flykta slutta seg til dei stridande norske styrkane. Nokre var stasjonerte i Nord-Noreg, nokre fylgde med hæravdelingar over til Storbritannia der dei tenestegjorde gjennom heile krigen.

Gjenoppliving

Etter krigen var det ca. 560 jødar i Noreg[7].  Dei som kom tilbake fann ofte sine forretninger overtatt og leilegheiter konfiskert. Mange som prøvde å få verdiane sine tilbake fekk høyra at dei skylde staten skattar og avgifter[8], sidan dei vart skatta sjølv då dei var i eksil eller i konsentrasjonslæger. Noreg gjekk med på å ta imot 600 jødiske flyktningar som erstatning for dei 800 som hadde vorte deporterte og drepne, men berre 400 kom og dei fleste av desse drog raskt vidare til andre land.

Synagogen i Bergstien var intakt sidan han hadde vorte brukt som lager under krigen. Like viktig var det at Tora-rullane var intakte og kunne brukast igjen med ein gong. Diverre var synagogane i Trondheim og Calmeyers gate i særs dårleg tilstand. Allereie den 31. august 1945 kunne ein gjeninnvie synagogen i Bergstien og HKH Kronprins Olav var til stade. Som takk for innsatsen deira for å redde jødiske nordmenn under andre verdskrig, overrekte Yad Vashem i Jerusalem ein medalje til den norske heimefronten.

Dei fleste jødiske nordmenn var framleis busette i og rundt Oslo-området, og ein trong meir enn ein bygning for å gjenopplive det ein hadde tapt; dei som var igjen etter krigen hadde mista familie og venner og søkte saman for å finne trøst. Ein bestemte seg for å byggje eit forsamlingshus ved sida av synagogen i Bergstien. Denne vart bygd med middel donert av jødar i Noreg og erstatningsmiddel som Tyskland betalte etter krigen. Bygningen vart tatt i bruk hausten 1960, og det var plass til møtesal, rom for undervising, bibliotek og DMTs rekneskapskontor, i tillegg til leilegheiter for rabbinaren, kantoren og vaktmeisteren.

Synagogen i Bergstien har historisk halde gudstenester berre på Shabbat og heilagdagar, og for ein stor del av forsamlinga er ho like mykje ein sosial møteplass som ein stad for religiøs praksis. Uansett er det ein stad kor jødisk identitet blir bekrefta igjen og igjen.

Du skal fortelje barna dine

Det å kunne lese og tolke og jødisk lov og ha kjennskap til tradisjonane har alltid vore ein viktig jødisk verdi. Det har difor alltid vore ei form for jødisk skule tilknytta forsamlinga, der barn lærer å lese hebraisk og om jødiske tradisjonar og historie. Her i Noreg kallast skulen ḥeider, som på jiddisk betyr rom (skulerom). Fram til 1980-åra var det undervising fram til gutane fylte 13 (bar mitsva) og jentene 15 (bat ḥajil). I dag er det undervising til året etter vidaregåande skule.

I tillegg til ḥeider har forsamlinga i Oslo ei hytte som blir brukt til seminar og sommarleir.  I mellomkrigstida var hytta brukt til feriekoloni for barn av fattige jødiske familiar, og dei foreldrelause barna som hadde kome frå kontinentet. Etter andre verdskrig har hytta vorte brukt av alle i forsamlinga; ein møter andre jødiske barn, knyter vennskap og lærer om jødedomen.

Mangfaldige foreiningar som hadde vore aktive før andre verdskrig vart skipa igjen, m.a. Jødisk Ungdomsforening, B’nai Brit, som er ein losje for menn; WIZO, ein sionistisk kvinnegruppe og Maccabi, som er ei idrettsforeining.

Ein rabbinar kjem til Noreg

Sidan det ikkje er så mange jødar i Noreg, og ingen av dei hadde utdanna seg til rabbinar, måtte ein tilsetje rabbinarar frå utlandet. Dei fleste rabbinarane vart buande i veldig kort tid. I 1980 kom den danske rabbinaren Michael Melchior til forsamlinga i Oslo. Han vart verande fram til 1986, då han flytta til Israel, men fortsette som rabbinar i fleire år. Han innførte fleire forandringar, som å modernisera ḥeider-undervising og skipe eit undervisingsprogram for jenter før deira bat mitsva. Sonen hans, Joav, har vore rabbinaren til Oslo-forsamlinga i dei seinaste åra, og har m.a vidareutvikla utdanninga for ungdomar etter dei har stått bar eller bat mitsva.

I den mindre forsamlinga i Trondheim var det endå meir utfordrande å skaffe og behalde ein rabbinar, sjølv om ein kan smykke seg med tittelen verdas nest nordlegaste synagoge (berre slått av synagogen i Fairbanks, Alaska). For det meste kjem det ein for å halde gudstenestene ved dei høge heilagdagane rosh hashana og jom kippur.

Erstatning etter andre verdskrig

Det skulle gå over femti år før det norske samfunnet, med stortinget i spissen, prøvde å finne ut kor store verdiar som var likviderte eller stole. Som nemnt fekk ikkje dei fleste jødane tilbake det dei hadde krav på då dei vende heim etter frigjeringa i 1945. ‘’Da det ikke ble utstedt dødsattester i Auschwitz, ble de drepte derfra regnet som forsvunne personer, ikke døde. De etterlatte fikk dermed ikke utbetalt midler fra sine bo idet midlene ble overført overformynderiet’’[9]. I mars 1996 vart det oppnemnt eit utval med mandat til å kartleggje og evaluere dei faktiske forholda, kalla Jødebo-utvalet. I juni 1997 leverte utvalet ein to-delt utgreiing, ein som anslo det samla tapet på ca. 108,8 millionar 1997-kroner, og ein som anslo tapet på 330 millionar 1997-kroner. Den 11. mars 1999 vedtok Stortinget ein restitusjon på 450 millionar kroner, ein sum som hadde vorte foreslått av dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik i 1998[10].

Pengane vart fordelte til individ, dei registrerte jødiske forsamlingane i Noreg, og til åtgjerder i både inn- og utland for å motverke antisemittisme og rasisme. M.a. vart det opprette jødiske museum i Oslo og Trondheim [11], og eit »Senter for studier av Holocaust og Livssynsminoriteter» vart oppretta i Villa Grande, den gamle heimen til Quisling [12].

Jødisk liv i dag

I dag er det forsamlingar i Oslo og Trondheim, og det bur òg ein del jødar i Bergen og Kristiansand.

Forsamlinga i Oslo er den største og mest aktive. Noko av restitusjonspengane gjekk til oppussing og utviding av forsamlingshuset i Oslo, og husar no yrande liv med barnehage, kontor, ḥeider, ungdomsforeining og vaksenopplæring. Sjølvsagt feirar ein ofte saman der på heilagdagane. Det er òg ein jødisk aldersheim ved sida av synagogen. Heile livsløpet, frå brit mila til gravferd på den jødiske gravlunden, og alt mellom, er markert av forsamlinga. Mange vennskapar er starta i barnehagen og varer livet ut.

Forsamlinga består av familiar som har budd her i mange generasjonar og familiar som har innvandra seinare frå m.a. Danmark, USA og Israel. Alle nye generasjonar, innvandrarar, og konvertittar tilfører liv og det er ikkje uvanleg å høyre både engelsk og hebraisk i gangane. I synagogen i Oslo er det gudsteneste kvar shabbat og alle heilagdagar.

Synagogen i Trondheim blir brukt til gudsteneste ved heilagdagar, og fungerer i tillegg som museum til kvardags.

[5] http://www.hlsenteret.no/undervisning/materiell/avisartikler—antijodisk-politikk-i-1933.pdf

[6] http://www.hlsenteret.no/kunnskapsbasen/folkemord/folkemord-under-nazismen/holocaust/norge/deportasjonen-av-de-norske-jodene.html

[7]NORGE S OFFISIELLE STATISTIKK XI. 31FOLKETELLINGEN I NORGE 3. DESEMBER 1946 :  https://www.ssb.no/a/histstat/nos/nos_xi_031.pdf

[8] https://tv.nrk.no/program/KOID75006012/trikken-til-auschwitz

[9] Innstilling fra justiskomiteen om et historisk og moralsk oppgjør med behandlingen i Norge av den økonomiske likvidasjon av den jødiske minoritet under den 2. verdenskrig. St.prp. nr. 82 (1997-98).

[10] Ibid

[11] www.jodiskmuseumoslo.no og Jødisk museum Trondheim

[12] www.hlsenteret.no/