Kva er jom kippur?

jom-kippur

Denne artikkelen finnes også på bokmål

Jom kippur er ein av dei viktigaste heilagdagane i den jødiske kalenderen. Han går òg under namnet botsdagen eller forsoningsdagen, og symboliserer den siste mogelegheita til å få tilgjeving frå Gud for gjerningar utført i året som gjekk. Dette inneber selvransaking over korleis ein er i møte med andre menneske og korleis ein oppfører seg. Etter ein 40 dagar lang prosess for å få tilgjeving frå både Gud og medmenneske, er det på jom kippur vi vonar og ber om at vi har oppnått dette.

Kvifor markerer jødar jom kippur?

Tilgjevingsprosessen og botsdagen går heilt tilbake til Moses’ tid. Sju veker etter flukta frå Egypt var jødane klåre for å motta Tora. Dei stod ved foten av Sinaifjellet og venta på Moses som hadde gått opp for å ta imot dei Fem Mosebøkene frå Gud. Moses drygde lenger enn folket hadde forventa og dei bygde difor ein gullkalv som erstatning for Moses, eller kanskje til og med ein avgud. Avgudsdyrking var forboden, og det vart naudsynleg å be om tilgjeving. Den første jom kippur var dimed eit faktum. [1]

Kva skikkar følgjer ein til jom kippur?

Vi ber om tilgjeving og «vender tilbake»

Tshuva tyder å returnere, eller vende tilbake på hebraisk. Dårleg åtferd skapar ein distanse mellom Gud og mennesket, og menneske imellom. Når menneske angrar, beklagar åtferda si og gjer genuin bot, er det som om dei vender tilbake til Gud.

Men før ein kan be Gud om forlating, må ein be dei ein har såra om tilgjeving.  Det er berre menneske som har makta og mogelegheita til å tilgjeve kvarandre. Gud kan ikkje tilgjeve deg for noko gale du har gjort mot ein annan person.

Tilgjevings- eller tilbakevendingsprosessen, som skissert av Maimonides [2], består av tre stadium: Vedkjenning, anger og eit løfte om ikkje å gjentake det ein gjorde feil. Den som verkeleg har gjort bot og lært av feila sine, seier Maimonides, er den som finn mogelegheita til å gjere den same feilen, eller begå den same synda igjen, men unngår å gjere det.

Så ber vi…

Bønn hjelper oss å fokusera. Bønnene i jødedommen minner oss om kva som er det sentrale i livet: Når vi går til synagogen blir vi mint om tydinga av familie, fridom, fred, tilgjeving og tilknytninga vår til det heilage landet og Jerusalem. På Jom Kippur står angeren vår og ynskjet om tilgjeving sentralt i rituala i synagogen. Vi startar med å be rett før solnedgang og utover kvelden. Vi kjem så tilbake neste morgon og ber nesten heile dagen, med berre eit par timars pause midt på dagen.

For å avslutte heilagdagen blæs vi i shofar som er eit instrument laga av hornet til ein vêr.  Shofaren er den siste påminninga, og siste sjanse til å be om tilgjeving for året som var.

Meze-dele-mat

Siste måltid før fasta

Som alle andre dagar i den jødiske kalenderen byrjar jom kippur ved solnedgang. I løpet av den dagen er det påbode å ete minst eitt måltid. Jom kippur er ein fastedag, og det siste måltidet før fasta heiter seudat hamafseket, som direkte omsett tyder «måltidet som avbryt».

Forbod på jom kippur – sjølvpåført ubehag

Kvifor fastar ein så på Jom Kippur? Jo, fordi det står: “På den tiande dagen av den sjuande månaden (jom kippur) er botsdagen… og de skal påføre smerte til dykkar sjel…”[3]

Dette høyrest nok meir fælsleg ut enn det eigentleg er. Ei betre forklaring, men mindre bokstaveleg, er sjølvpåført ubehag som følgje av fråhald. Grunnen til fråhaldet er at ein skal så langt som mogeleg skal skilje seg frå det materielle og daglege. Etter at ein har gjort eit oppgjer med medmenneska sine, skal ein fullt og heilt dedikere seg til å gjere opp med seg sjølv og Gud. Ifølgje Talmud held ein seg unna det følgjande på Jom Kippur: Bruken av (1) lærsko, (2) kremar, (3) samlege, (4) å tvette seg og (5) å ete og drikke.[4]

Barn, gravide kvinner, dei som er sjuke eller dei som av medisinske grunnar ikkje er i stand til å faste, skal sjølvsagt ikkje faste.

Innleiing til jom kippur: Lystenning

Det er vanleg å tenne to ljos i heimen og velsigne desse ved innleiinga til jom kippur.[5] Å tenne to ljos, hadlakat nerot på hebraisk, er den vanlege måten jødedommen signaliserer at vi skil mellom vanlege dagar og heilagdagar. Det er òg vanleg å tenne eit ekstra ljos til minne om kjære som har gått bort, kalla «ner neshama» (sjeleljos).

Kvifor er jom kippur så viktig?

Vi vil ofte feile når det gjeld å leve opp til både Toras etiske standard og våre eigne etiske forventningar. Med fridom følgjer galne avgjerder. Jødedommen forklarer kva vi gjer når vi mislukkast. Med jom kippur blir vi bedt om å erkjenne feila som er vorte gjort, reparere skadane vi har forårsaka og å kome oss vidare. Dette skal resultere i at vi lærer av feila våre og veks som menneske.

Jom kippur skal òg bidra til å styrke forholdet vårt til medmenneska våre. I tida før jom kippur er fokus retta mot skrantande forhold til dei vi står nær. Vi blir mante til å finne det moralske motet som blir kravt for å be om unnskyldning. Andre krefter må takast i bruk for å lukkast med å tilgjeve. Gudstenestene i løpet av jom kippur er personlege augeblinkar mellom oss sjølv og Gud. Filosofen Alain de Button (1969-) skreiv at “Jom Kippur er éin av dei mest effektive psykologiske mekanismane nokosinne utforma for løysing av sosiale konfliktar”.[6]

Den munnlege læra vår fortel oss at “ein som andre menneske frydar seg med, han frydar òg Gud seg med”.[7] Jom kippur bidrar difor til forsoning mellom oss og Gud, og dessutan mellom oss og medmenneska våre. Utan ein slik fastsett dag, er det eit spørsmål om vi ville ha lagt ned alt det arbeidet som krevjast for å reparere dei skrantande forholda våre.

[1]         Andre Mosebok, 32

[2]        Kjend Rabbiner og Filosof, Spania 1135-1204 e.vt

[3]        Tredje Mosebok, 23:27

[4]        Babylonsk Talmud Yoma, 73b

[5]        Shulchan Aruch OC, 610:1

[6]        Religion for Atheists: A Non-Believer’s Guide to the Uses of Religion

[7]        Fedranes Ordspråk, Avot, 3:13