Kva er kosher?

KOSHER

Denne artikkelen finnes også på bokmål

Kosher – kva tyder det? Må ein rabbinar velsigne maten? Nei, kosher er faktisk hebraisk for ordet høveleg, og beskriv den maten som er tillaten for ein jøde å ete.

Reglar, reglar …

Reglane for kva som er sett på som høveleg å ete kjem frå Toraen, der mat og drikke har ein sentral plass, som det òg har i dagens jødedom. I denne artikkelen vil du få vete korleis Tora identifiserer kva som er lov å ete (kosher), og kva som ikkje er lov å ete (treif). Korleis kan eit dyr som er kosher, til dømes ein okse, ende opp på ein tallerken som både ein kosher og ein ikke-kosher steik? Og kvifor er kosher-reglene så viktige at meir enn halvningen av jødane i Noreg følgjer dei i ei eller anna form?

Kosher er altså nemninga på jødiske matreglar. Ifølgje fyrste Mosebok sa Gud at menneskja skulle vere vegetarianarar, men narrativet forandra seg og i tredje Mosebok sa Gud at ein kan ete visse dyr, men ikkje alle [1]. Tradisjonen har tolka det slik at som menneskje skal vi tenkje på kva vi et, og ikkje berre gafle i oss kva som helst. Vi skal vise respekt for dyret vi et, og skal slakte dei så skånsamt som mogeleg. Praktisk talt tyder det at Toraen har sett ned visse forbod og påbod, og tradisjonen har vidareutvikla reglane. [2]

Så til Kosher-reglane:

Tora gjev oss den kryptiske setninga at ein ikkje skal koke geitekillingen i mjølka til mora – ikkje berre éin gong, men heile tre gongar [3]. Rabbinarane meinte at grunnen til at det blir repetert tre gongar er fordi Tora ynskjer å vise til tre ulike reglar knytt til forbodet [4].

  1. Det er forbode å koke kosher kjøtt med kosher mjølk.
  2. Det er forbode å ete mjølk og kjøtt saman sjølv om det er kald mat som ikkje har vore kokt saman, noko som var naudsynleg for rabbinarane å spesifisere då Tora berre nemner forbodet om eting av mjølk og kjøtt som er kokt saman.
  3. Det er forbode å dra nytte av (til dømes selje i ein butikk) mjølk og kjøtt som er kokt saman. Mjølk og kjøtt som er blanda saman medan alle ingrediensane er kalde utan å bli kokt saman (t.d. eit kaldt rundstykke med ost og salami), er derimot lov å dra nytte av (men ikkje ete).[5]

Pattedyr

Desse er dei levande ting som de kan ete av dei ville dyra på mark.”[6]

Kriteria for kosher landdyr, som Tora kallar ‘markas ville dyr’, er at dei må ha kløyvde hóvar og dei må tyggje drøv.[7] Dyret må òg slaktast i samsvar med jødisk lov (sheḥita). Dette inneber at dyr som storfe og lam er kosher når dei er slakta ifølgje jødisk lov, medan hest og svin ikkje er kosher, uansett slaktemetode.

kosher-pizza-paris

Havdyr

De kan ete dei fiskane som har finnar og skjel.” [8] Denne setninga definerer kva slags sjømat som er kosher. Finnar og skjel ekskluderer mange av skapningane i havet, til dømes alle skaldyr, men også nokre fiskeslag slik som ål.

Det eksisterer ingen særeigen kosher slaktemetode av fisk, og det finst ingen forbod mot fiskeblod, i motsetnad til forbodet mot å ete blod frå landdyr.

Sjøpattedyr, som kval og delfin, er difor heller ikkje kosher då dei ifølgje jødisk lov er definert som havdyr.

Fuglar

Det finst ingen generelle reglar i Tora for kva slags fuglar som er kosher. Derimot finn vi i tredje Mosebok ei liste på 24 familiar av ‘flygande skapningar’ som ikkje er kosher, m.a. flaggermus.

Sheita – kosher slakting

For at dyr skal behalde sin kosher-status må det gjerast sheḥita. Slaktinga skal gjerast av ein ekspert på dei jødiske slaktereglene og treng difor ikkje vere ein rabbinar. Ingen velsigning er naudsynleg under ein kosher slakting. Prosedyren er ein detaljert prosess for å få blodet ut av dyret fortast mogeleg, med minst mogeleg smerte.

Kjøken i samsvar med strenge kosher-reglar:

Separering av reiskap

For å gjere det mogeleg å lage mat som er kosher vil kjøkenet ofte vere delt på ein spesiell måte. Skiljet mellom mjølk og kjøtt er essensielt for at maten som vert laga skal vere kosher.  Jødar som overheld kosher-reglene, lagar ikkje kjøtt- og melkeholdig mat til same måltid. Ikkje berre vert mjølk- og kjøttingrediensar halde frå kvarandre, men dei har separate kjøkenutstyr som vert brukt for høvesvis mjølke- og kjøttprodukt. I praksis tyder dette at ein oftast har dobbelt opp av tallerkar, bestikk, etc..

Kosher matlaging

Etter at eit dyr er slakta og salta startar utfordringane med å lage maten slik at det beheld sin kosher-status. I eit kosher kjøken finst det berre kosher ingrediensar. Utfordringa ligg då i å ikkje blande det utstyret som tilhøyrer mjølk, og det som tilhøyrer kjøtt.

Om ein skulle komme til å blande kjøtt- og mjølkeutstyr på kjøkenet, vil det utstyret då ikkje lenger vere kosher. Ein treng heldigvis ikkje kaste utstyret igjen, fordi det er mogeleg å gjere det kosher igjen.

Heimen er den viktigaste jødiske identitetsskaparen

Heimens kjøken kan vere vesentleg for utviklinga av eins identitet, og kanskje spesielt ein jødisk identitet. Matreglane og alle dei detaljerte reglane som vert følgde på kjøkenet, gjer at kjøkenet får ein jødisk identitet. Ingen andre ein kjenner har eit kjøken med to oppvaskkummar, ein til kjøtt og ein til mjølk. Berre i jødiske heim finn ein kniv og gaffel der det er påskrevet ‘kjøtt’ i store, raude bokstavar, og mange har eit ekstra sett med korger til oppvaskmaskina. I fleire jødiske heim er omnen øyremerkt enten mjølkemat eller kjøttmat.

Reglane skaper rammer og haldepunkt som ein sjølv ein dag kan overføre.

Og vert desse reglane følgd av jødar i Noreg?

Det finst eit breitt mangfald av kosher praksis blant jødar i Noreg. Desse brer seg frå å halde strengt kosher til å berre halde kosher-reglene visse periodar. Nokon vel å unngå å ete visse typar ikke-kosher mat medan andre har ein streng kosher heim, men et ikke-kosher mat utanfor heimen. Fleire enn halvningen av jødane i Noreg følgjer kosher-reglar i ei eller anna form, og då spesielt forbodet mot å ete svin.

[1] Fyrste Mosebok 1:29

[2] Tredje Mosebok 11

[3] Andre Mosebok 23:19, 34:26 & Femte Mosebok 14:21

[4] Mishna Chullin 115b, Rashi 2.M.23:19, Shulchan Aruch Yoreh Deah 87:1

[5] Denne lova gjeld så lenge alle ingrediensane er kosher. Kylling vert i denne samanhengen  ikkje betrakta som kjøtt

[6]  Tredje Mosebok 11:23

[7]  Tredje Mosebok 11:3-9 & Femte Mosebok 14:16

[8]  Tredje Mosebok 11:9-12