Norske jødar – Historia vår. Del 1 – Tidleg historie

Denne artikkelen finnes også på bokmål

Her kan ein lese del 2

Jødar er ein nasjonal minoritet i Noreg [1], og har budd i landet sidan forbodet i grunnlova vart oppheva i 1851. Vi tel ca. 2.000, og det finst organiserte forsamlingar med synagogar i Oslo og i Trondheim. Somme har budd her i fem generasjonar, medan andre har innvandra seinare frå m.a. Danmark, USA og Israel. Nærare helvta av dei jødiske nordmennene vart deporterte og utrydda av nazistane under andre verdskrig.

Ingen tilgjenge til riket

Allereie i 1024 innførte Olav den heilage ei lov der kristendomen vart den einaste tillatne religionen i riket. Dimed var det i teorien ikkje lov for nokon andre enn kristne å setje foten sin innafor Noregs grenser.

Noreg vart ein del av Danmark i 1380, og etter kvart vart det gitt dispensasjon for at enkelte jødar kunne drive handel i Noreg. Nokre få jødiske handelsmenn og sjømenn kom til Noreg i løpet av dei komande århundra, men dei busette seg ikkje. Kong Christian IV gav jødar avgrensa rettar til å reise i Noreg i 1641, noko som opphøyrde i 1687 då Kong Christian V innførte ei ny lov som spesifikt forbaud jødar å kome til Noreg, med mindre dei hadde eit «særdeles leidebrev»[2]. Jødar som oppheldt seg ulovleg i riket vart fengsla og utvist.

Jøde-paragrafen

Kva med grunnloven i 1814?

Då unionen med Danmark opphøyrde i 1814, sette ein i gong med å skrive ei norsk grunnlov etter prinsippa likskap, fridom og brorskap. Desse ideala strekte seg likevel ikkje til jødar. I motsetjing til andre land der jødane hadde fått betre rettar, forbaud den andre paragrafen i grunnlova jødar åtgang til riket [3]. Paragrafen vart lagt frem av skrivaren til forsamlinga, Wilhelm Frimann Koren Christie, og mange av innlegga i ordskifta var prega av antisemittiske fordomar som det ikkje fanst noko grunnlag for.

Helten Henrik Wergeland

Forfattaren Henrik Wergeland var den fremste forkjemparen for avskaffing av «jødeparagrafen», og ynskte full religionsfridom i Noreg. Han skreiv diktsamlingane «Jøden» og seinare «Jødinden», for å fremme toleranse og motverke fordomar då paragrafen skulle diskuterast i stortinget i 1842 og 1845. Wergeland døydde i 1845, og fekk ikkje sett at paragraf 2 vart oppheva. Men han bidrog til å opne auga til mennene på stortinget, og i 1851 var det endeleg to tredelar fleirtal for å oppheve forbodet.

Henrik-Wergeland

Jødane får tilgjenge til Noreg

I 1852 busette den første jøden, Abraham Vollman, seg i Noreg. Det kom ikkje mange andre jødar i tida etter at forbodet vart oppheva, og av dei som kom, reiste mange igjen eller gifta seg inn i kristne familiar. I 1880 budde det ca. 25 jødar i Noreg – dei fleste var danske eller tyske.

Pogromar, blodige jødeforfølgingar i Aust-Europa og Russland, vart diverre vanlege i 1880-åra og bidrog til økt jødisk innvandring til Noreg. I 1890 budde det 214 jødar i landet, dei fleste i Kristiania/Oslo.  Dei jobba m.a. som sigarettarbeidarar, veg- og banearbeidarar, og omførselshandelsmenn – mange etablerte etter kvart sine eigne butikkar og magasin. Dei ville fortsetje å leve som jødar, i den jødiske tradisjonen, vere tru mot den jødiske arven sin og føre den vidare til komande generasjonar. Difor måtte dei byggje sterke jødiske institusjonar.

Jødisk liv i Noreg tek form

I 1892 vart Det Mosaiske Trossamfund, DMT, skipa i Oslo og er framleis den største jødiske organisasjonen i Noreg. DMT tilsette ein kantor som òg var lærer og kosher slaktar. Til å byrje med leigde DMT lokale til å halde gudstenester i.

Den Israelitiske Menighed, DIM, vart skipa i Oslo i 1893, og var aktiv til 1912 og mellom 1917-1939. I tillegg dukka andre små forsamlingar opp, men dei varte vanlegvis berre i nokre få år. Grunnen til at eit så lite miljø oppretta fleire forsamlingar er fordi at ein kom frå einskilde land, og hadde einskilde sosiale og økonomiske bakgrunnar. Mykje av det sosiale livet skjedde i heimane til medlemar av forsamlinga, men også rundt gudstenestene der ein stadig kom tidleg for å treffast og prate saman.

I 1880-åra busette det seg jødar i Trondheim, som innvigde ein synagoge i 1899. I 1920-åra hadde forsamlinga over 300 medlemar, og i 1925 kunne synagogen i Arkitekt Christies gate innviast, kor den framleis brukast som synagoge og museum.

Blomstring av jødisk liv

Den jødiske befolkninga vaks til ca. 900 innan 1920. Jødeforfølging, nød og første verdskrig var pådrivarar for økt jødisk immigrasjon til Noreg. Ei kvinneforeining, ei ungdomsforeining og velgjerdsforeiningar hjelpte aktivt dei nødlidande trusfelagane. Det var innsamlingar blant medlemane i trudomssamfunnet, enkeltbidrag og store festar som gav midla til velgjerdsverksemda, m.a. feriekoloni for jødiske barn.

Jødisk kulturliv blomstra opp – med mange jødiske foreiningar i Oslo. Det oppstod fleire konkurrerande jødiske teaterforeiningar, som framførte skodespel på jiddisk for eit talrikt publikum. Det fanst dessutan kor, kulturforeiningar – òg på jiddisk – og jødiske akademiske foreiningar.  Dei fleste aktivitetane var knytte til Jødisk Ungdomsforening, JUF, som vart skipa i 1909 og framleis er verksam.

Den første synagogen vart bygd av DMT i Bergstien, Oslo, innvigd i 1920, og han er framleis i bruk. Synagogen har plass til 200 menn på grunnplan og 140 kvinner oppe på galleriet. Ein vender mot Tora-skapet, ved rommets avrunda austvegg, som er vendt mot Jerusalem. Ein mindre synagoge vart bygd av DIM in 1921, i Calmeyersgate – han husar no Jødisk Museum i Oslo.

Eit sterkt sosialt samhald mellom jødane i Oslo eksisterte på denne tida. Dei fleste budde ikkje langt frå kvarandre, nær synagogen; slik at dei kunne gå til fots til synagogen på shabbat og heilagdagar [4].
Synagogen-Oslo-Steintavlene

[1] https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/stprp-nr-80-1997-98-/id202013/sec1

[2] Du skal fortelle det til dine barn, Det Mosaiske Trossamfund, 1992, side 19

[3] Kongeriket Norges Grundlov. 17 Mai, 1814, Paragraf 2: «Den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion. De Indvaanere, der bekjende seg til den, ere forpligtede til at opdrage sine Børn i samme. Jesuitter og Munkeordener maae ikke taales. Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget».

[4] http://www.dmt.oslo.no/no/joder_i_norge/historie/